Klar for storsatsing på Strandafjellet |
|||
| 20. november står ei stolheis klar på Fursetsida i Hevsdalen, saman med gangbru over riksvegen og ei generell nivåheving av skianlegget. Skisenteret vil investere for 55 millionar kroner det komande året. |
|||
| Av: Sindre Omenås (torsdag, 14.mai 2009 14:04) | |||
Ordførar Frank Sve hadde med seg gruppeleiarane i Frp og Høgre (Fredmøy Wollen og Kristian Overå), som garantist for at det er politisk fleirtal bak lånegarantien kommunestyret må godkjenne. Stranda kommune går også inn for å investere i underkant av 3 millionar kroner i vatn, ein sykkelveg og utbetring av delar av parkeringsplassen ved skianlegget Strandafjellet skisenter vil ved sida av å kjøpe stolheis, som vil erstatte eksisterande Fursettrekk, også gjere fleire tiltak for å gjere anlegget meir familie og barnevenleg. Dei ønskjer å flytte dagens barnetrekk og opparbeide eit barneområde, byggje eit nytt servicebygg og paviljong ved toppen av skitrekket , utvide flomlysanlegget og restaurere varmestova. I tillegg blir det bygd eit gangbru over riksvegen. Den kan bli flytta seinare, og det kjem eit permanent miljølokk i sentrumsområdet. - Vi er med på å oppgradere skisenteret frå eit lokalt og regionalt skianlegg til eit nasjonalt anlegg, sa Sve på pressekonferansen, der planane blei presentert. Han meiner denne satsinga er ei gåve for alle i kommunen, og trur alle vil tene på denne satsinga. - Det ville vore større risiko for kommunen å ikkje gjere noko. Alternativet var å bruke mange pengar på å halde anlegget på dagens standard, og det trur eg ville blitt dyrare på sikt. Når eg ser på dei forsiktige prognosane bak denne investeringa, er eg sikker på at skisenteret vil klare den auka som må til for å klare å finansiere desse låna, sa Sve. Stranda kommune vedtok i fjor å selje seg ut av skisenteret. Frode Bratili, som er søskenbarnet til ordføraren, var frontperson for ei gruppe av investorar som var aktuell som kjøpar av anlegget. - Det er viktig at vi satsar no, og det er i dag ingen konkrete kjøparar av anlegget. Samstundes er denne satsinga ikkje i konflikt med dei planane vi kjenner til på Roaldsida, seier Sve. Styreleiar i Strandafjellet skisenter, Stian Græsdal, seier dei ikkje lenger kunne vente på ei avklaring på eigarsida. Difor har styret og selskapet jobba med å hente inn tilbod på ny stolheis og lagt sine planar. - Den politikaren som går mot dette bør finne seg ein annan kommune, sa Græsdal på pressekonferansen. Han er sikker på at skisenteret raskt vil auke omsettinga frå seks til åtte millionar kroner. Skisenteret vil neste vinter kunne frakte 1.500 personar i timen opp fjellsida. Det er ei dobling av kapasiteten i dag. - Vi må auke kapasiteten på Eggatrekket neste år, slik at vi ikkje får ein flaskehals der. Det blir også ei lita justering av løypenettet, seier Græsdal. Før han legg til at det er mogleg å utvide dette på sikt. - Det er berre eit par tre millionar kroner før vi kan ha eit trekk frå Engeset-sida opp mot Egga. |