Velkomen til Stranda og Alperittet

            Vinterens vakraste eventyr!

Alperittet 2015 vert arrangert laurdag 21. februar.
 

26.02.15 - FEIL RETTA OPP I RESULTATLISTA

Etter gjennomgang er det oppdaget 5 feil i resultatlista.
-Start nr 39 fra 11:38 til 11:17
-Start nr 44 fra 9:38 til 9:08
-Start nr 72 fra 12:07 til 10:07
-Start nr 89 fra 8:03 til 9:08
-Start nr 92 fra 8:40 til 11:09

Resultatlista er korrigert i menyen over.
 

22.02.15 - SJÅ BLINKSKOT FRÅ ALPERITTET 2015

Rollev Sve tok mange fine bilder under Alperitt-arrangementet i går. Sjå bilda her.
 

21.02.15 - TAKK FOR I ÅR

Takk til løparar, funksjonærar, publikum, sponsorar og alle som var med på å gjere Alperittet 2015 til ein suksess! Velkomne attende til Stranda i 2016!
 

21.02.15 - RESULTATLISTER FOR ALPERITTET 2015

Sjekk ut resultata frå årets Alperitt. Resultatlistene er lagt ut som pdf-fil. Sjå resultata her.
 

20.02.15 - FORTSATT MULIG Å MELDE SEG PÅ!

Påmeldinga på nett er no stengd. Dersom du framleis vil melde deg på årets Alperitt, må du gjere det på rennkontoret i Storfjord kulturhus. Ope fredag 17.30 - 21.00 og laurdag 07.30 - 11.00.
 

20.02.15 - VINNARANE I Instagram-konkurranseN

På måndag blei lesarane utfordra til å #alperittet og vere med i konkurransen om å vinne flotte premiar frå Strandafjellet. Temaet var vinterferie, og vi har fått inn mange fine bilder. Dei tre vinnarane er:
1.-plass - Josefine Mork (Vinnar av dagskort).
2.-plass - Magnus Mork (Vinnar av Strandafjellet hettegenser).
3.-plass - Linda Ludvigsen (Vinnar av Strandafjellet lue).

Vi gratulerer! Sjå nærmare på vinnarbilda ved å trykke på dei.
                   
1.-plass - Josefine Mork             2.-plass - Magnus Mork             3.-plass - Linda Ludvigsen
 

20.02.15 - KJENDIS PÅ STARTSTREKEN!

På startstreken på laurdag finn vi blant andre skifilmstjerna Karsten Gefle, som er sentral i den nye Nuit de la Glisse-filmen. Les meir om Gefle her.
 

19.02.15 - SISTE NYTT!

Rennleiar Paul Ivar Pedersen melder om fine forhold i Alperittløypa torsdag ettermiddag.
 

16.02.15 - Alperittet Instagram-konkurranse

#alperittet og ver med i konkurransen om å vinne flotte premiar frå Strandafjellet. Tema: VINTERFERIE. Premiering til dei tre beste bileta. Publiser bilete på instragram innan torsdag 19.02 kl. 16.00 for å vere med i konkurransen. Vinnarane kårast før visinga av "Days of my youth" i Storfjord kulturhus kl 18.00 på torsdag. Lykke til! (Vinnerbileta kårast av ein jury beståande av representantar frå Alperittet og Strandafjellet).

Sjå eige konkurranse-banner.
 

13.02.15 - NB! PÅMELDING ALDERSBESTEMTE KLASSER

I påmeldingskjemaet for aldersbestemte klasser står telemark/alpin oppgitt som ei klasse, både i lang og kort løype. Det blir eigne klasser for både telemark og alpin også i aldersbestemte klasser. Meld frå om du skal delta i telemark i kommentarfeltet i påmeldingskjemaet.
 

12.02.15 - VIMPLAR PÅ PLASS

Alperittet har pynta lyktestolpane i Stranda sentrum med flotte vimplar før årets arrangement. No er det berre 8 dagar att!

 

31.01.15 - "God morgon stranda"

I samband med Alperittet 2015 blir det radiosending som vi har valgt å kalle "God morgon Stranda", laurdag 21.februar frå kl 10.00-12.00. Det blir intervju, innslag frå sentrale personar gjennom Alperittet si 20-årige historie, reportasje frå mini-Alperittet på Knutmarka, teke pulsen på målområdet og mykje god musikk. Lyden og ein del film av sendinga går ut på storskjermen i målområdet. Sendinga blir også streama på Alperittet sine heimesider. Programleiarar er Harry Malmo og Leidulf Årvik. Sponsor for "God morgon Stranda" er Slettvoll. Les meir under PROGRAM.
 

30.01.15 - PROGRAMMET FOR ALPERITTET 2015 er KLART!

Det rykande ferske programmet for årets Alperitt er klart. Det blir moro for store og små i det rikhaldige programmet som startar allereie helga før Alperittet 2015 med after ski, tacobuffet og trubadur. Les meir under PROGRAM.
 

29.01.15 - VIKTIG MELDING

Klassene for jenter og gutar 15–16 år vert i årets Alperitt endra frå kort til lang løype.
 

27.01.15 - BERRE 25 DAGAR IGJEN!

For å korte ned ventetida til vinterens vakraste eventyr, som går av stabelen 21. februar, har vi i samarbeid med PS laga ein deilig video frå Strandafjellet. SJÅ VIDEOEN HER.

Du kan også sjå filmen på facebooksida til Strandafjellet.
 

27.01.15 - VERVEKAMPANJE PÅMELDING

Dersom ein melder på 5 personar til Alperittet 2015, er ein med i konkurranse om 5 dagskort på Stranda Skisenter. Vervekampanjen varer til påmeldingsfristen torsdag 19. februar klokka 24.00.

Påmeldingane må skje samla, og må dokumenterast ved å syne fram kvittering på betalt påmeldingsavgift. Kvitteringa må sendast på epost til post@storkultur.no eller synast fram fysisk til rennkontoret i Storfjord Kulturhus innan fredag 20. februar kl. 21.00.
 

26.01.15 - PRESSEMELDING

Bjarne Solbakken blir deltakar på Alperittet 2015 som blir arrangert laurdag 21. februar. Det er 20. gongen Alperittet blir arrangert, og arrangøren er svært tilfreds med at Bjarne stiller til start. Bjarne Solbakken har ein WC-siger i Super-G frå Beaver Creek som karrierehøgdepunkt.
”Å stille til start i Alperittet har eg alltid drøymd om, og no kan eg gjere det utan å risikere at det går utover alpinkarriera” seier Bjarne Solbakken.

Alperittet er eit skirenn som startar ved Roalden, 1230 m.o.h., og går i ope fjellandskap, gjennom skogen i preparert løype, ned gjennom bebyggelsen og endar i sentrum ved rådhus og kulturhus. Løypa er ca 6200 lengdemeter. Det blir konkurrert i alpin, telemark og snowboard. Det er både dame og herre klasse.

Store mengder med snø har sikra at årets arrangement kjem til å bli ein suksess. ”Etter fjorårets store aksjon med gravemaskin og skogrydding er løypa betre enn nokon gong, og der vil løparane virkeleg storkose seg” seier rennleiar Paul Ivar Pedersen. Arrangøren har stor tru på rekorddeltaking, og oppmodar gjerne fleire WC-deltakarar (uansett idrett) til å delta.

Kontaktinfo:
Bjarne Solbakken, deltakar, 92 68 01 39.
Paul Ivar Pedersen, rennleiar, 91 38 72 60.
Sigurd Drege, Alperittgeneral, 90 64 62 00.
 

21.01.15 - VESTLANDSKE AUTO ER ÅRETS BILSPONSOR

Vestlandske Auto blir å sjå på stand ved målområdet under årets Alperitt. Gå gjerne inn på www.vestlandske-auto.no, eller møt opp på stand 21/2. Kanskje finn akkurat du din drømmebil.
 

09.01.15 - PÅMELDINGA TIL ALPERITTET 2015 ER OPNA

Det er snø i fjella og Alperittet 2015 nærmar seg med stormskritt. No er alt klart for påmelding til vinterens vakraste eventyr. Les meir og meld deg på under linken PÅMELDING.
 

01.10.14 - DATO FOR ALPERITTET 2015 er satt

Velkomen til Alperittet på Stranda, laurdag 21. februar 2015. Meir informasjon kjem i vekene framover.